Eit litet verjemål fyre i-målet
I-målet hev frå tidlegt voret ein stødug berebjelke i norskt skriftmål. Med i-mål, meiner ein i-endingarne i bundet eintal av sterke hokynsord (ei tid, den tidi) og bundet mangtal av sterke inkjekynsord (fleire tak, alle taki). Alt i rettskrivingi frå 1917 vart a-endingarne innførde jamsides i-målet, slik at ein fekk skriva den tida og alle taka. I lang tid fekk dei liva attåt einannan, endå um a-målet snøgt tok yver og lenge hev voret rådande i nynorsk. I 2012 vart i-endingarne tekne or nynorskrettskrivingi. Det er syrgjelegt, for di endingi er ubøteleg um ein skal hava eit umfemnande skriftbilæte. Enn for dét, hev eg merkat at jamt mange i krinsarne mine som tidlegare tykte mun i i-målet, no hev gjenget frå det. Det er utrulega synd. I detta stykket skal eg, so godt eg kann, ganga til verjemål fyre i-målet, og insjalla syna dykk at um so enn i-endingi ikkje er fri fyre vanskar, so er ho myket betre eignad i skrift en a-endingi.
I-målet er unaturlegt
Den vanlegaste grunnen eg fær imot i-målet, er at i-endingarne kjennest unaturlege. Endå um eg ikkje kann segja meg samd i den domen, er det likevel nokot ved honom. Landsmålet hans Aasen fylgjer i jamne drag den gamalnorske triklangen med <e>, <o> og <a>, der islendsk og færøysk i dag hev <i>, <u> og <a>. Likevel er det ikkje heilt gjenomført, og det gjeld fyre i-målet òg. Den fyrste som vedkjende det var Ivar Aasen sjølv, og i Norsk Grammatik ordlegg han seg soleides:
[...] en betydelig Afvigelse [findes] i den bestemte Hovedform i Eentallet, hvor det gamle Sprog havde Endelsen in (eller en), f. Ex. ættin, tidin, sólin (eller ætten, tiden, solen), da nemlig det sluttede N er overalt bortfaldet, saa at Formen ender med Vokalen. [...]. Den nærmeste af de brugelige Former er egentlig den med ‘e’ (Skaal’e); men denne Form er ubekvem, fordi der er saa mange andre Former, som ende paa ‘e’, og fordi den særegne stærke Betoning, hvorved denne Form adskiller sig fra de andre, ikke kan betegnes tydeligt i Skrift (Aasen, 1899, s. 140)
Her er det mange gode merknader. Det næraste å taka som ending havde voret -e, men i og med at den endingi alt hev for stor arbeidslast i andre samanhengar i målet. Målføre med e-endingi finst sjølvsagt mange av (den tide, sole), men skrifti gjerer seg tent med gjera desse skilnaderne so tydelege som er råd å gjera. Aasen legg til:
Formen med ‘i’ er heller ikke meget bekvem, men har dog den Fordeel, at den adskiller sig fra andre Endelser, ligesom den ogsaa har nogen Lighed med Ordet ‘hi’ (hin), som denne Endelse nærmest maa henføres til. Skrift (Aasen, 1899, s. 141)
Han vedkjenner altso at endingi er mindre god en ynskt, men like fullt fær han jobben gjort ved at han skil seg frå andre endingar. Det siste tillegget um samanhengen med hin er forsovidt fint fyre målvitarar som likar slike mynster, men avgjerande er det ikkje.
Stuttare sagt, er det ein ettermun fyre i-målet at han skil seg ut frå den ålmenne triklangen på <e>, <o> og <a> i landsmålet. Likefullt er det ingi onnor råd en å nøyta -i her, di -e alt gjerer so myket i målbygnaden i landsmålet. I-en skil seg tydelegaste ut, og er difyre best eignad i skrift. Desse grunnarne var òg Aasen innum sjølv.
I-målet er uvanlegt
Denne grunnen likjest den fyrste, men er likevel ikkje heilt den same. Det er fulla sant at i-målet ikkje er det vanlegaste i målførom. Er det tale um kvat som er ålgjengast, vinn heilt klårt a-målet. Det finn ein yveralt på Austlandet, i Trøndelag, i Nordnorig og ein stor bolk av vestlandet mèd. Men å ganga den leidi der ein einaste godtek dei formerna som fleirtalet av nordmenner nøyter, fører i røyndi til at me legg oss etter byarne og bokmålsk ordlegging. Det kann me ikkje hava nokot av i eit norskt skriftmål. Det er altso andre umsyner en berre ‘fleirtalslino’ som må koma inn når me avgjerer kvat som skal takast inn i skrifti.
Attåt dei grunnarne som alt er nemnde, er i-målet fint di det gjerer bersynt når målføri fær j-fenging. Endå i norske målføre med a-mål, fær ein jamnaste j-fenging i sterkt hokyn. Jf. ut-trøndsk den vækka, men den bokja. I 2012-rettskrivingi fær ein inkje med desse samanhengarne; alt vert -a, d.e. den veka og den boka. Med i-mål, veit ein at bok fær j-fenging, med di det vert -i i bundet eintal. Her vert visselega fleirtalslino gjeldande; eit fleirtal av dei gamle norske målføri fær j-fenging i desse umhøvi. Då er det best at me syner detta so godt me kann i skrift, og då er i-målet den tryggaste måten å gjera det på, di e-endingi ikkje alltid valdar j-fenging. For å taka meg sjølv som døme, er j-fengingi avbroti i linne hankynsord gjenom påverknad frå dei gamalnorske underfallsformerna (bakka, haga, maga), men endå hev e-en vunnet fram, t.d. bakke, hage, mage (Riksheim, 1921, s. 11). Etter sogeleg gamalnorsk -i-, vert det derimot alltid j-fenging, endå um endingi ikkje er eit i-ljod lenger, t.d. vikjæ, bokjæ, bergjan.
Skilet millom sterkt og linnt hokyn
I målførom er det sers vanlegt å skilja sterkt frå linnt hokyn. Ved å setja -a på alle dei sterke hokynsordi, vert detta skilet tapt i eintal. Mange stader er målføri i uppløysing som ei fylgja av den ovende store innverknaden frå bokmål og byaustlendsk. Endå um -i ikkje liknar heilt på endingar som -a og -æ, gjerer ein seg tent med å hava det i lengdi, di då skil ein dei tydelegt frå linnt hokyn, som oftare endar på endingar som -å og -o. Sjølv talar eg eit målføre med slik ein målvokster, og kvar gong eg må skriva etter statsnormi verkjer det i målhugen når eg ikkje fær skilt visi frå visa, som både må heita visa.
Stuttare sagt
Berre fyre å gjera det so stutt og greidt som råd, legg eg fyre det eg meiner er dei beste grunnarne fyre å skriva i-mål i stutt her
Or desse umsynerna, tykkjer eg heilt klårt at det er audsynt at i-målet er den beste løysingi på endingsvandemålet i landsmålet, og at Aasen landade på det rette svar.
Um de kjem i hug andre grunnar til at i-målet er verdt å taka vare på, havde eg vortet sers glad å få høyra dei. Same kvat, kann aldri eit skriftmål vera “fullkomet”, og når det kjem til stykket må ein stundom berre velja ei form og halda seg til henne.
Tilvisingar
Aasen, I. (1899). Norsk Grammatik. Cammermeyer forlag. http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2006111701057
Riksheim, V. (1921). Ljodvoksteren i Vefsn-målet. H. Aschehoug & CO
https://www.nb.no/items/079f90dc205b9d43d9a7cf3d12d58ab7?page=0